Eigenberedskapsveka 2025: Finn ut kven du kan hjelpe – og kven du kan få hjelp av

Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. Oppdater ditt eigenberedskapslager med ein beredskapsven!

I veke 44 arrangerast Eigenberedskapveka 2025. Målet er å auke folk si bevisstheit og kunnskap om eigenberedskap slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjere både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som skulle oppstå. Til dømes langvarige straumbrot, som fleire nyleg opplevde under ekstremværet Amy.

Alle treng likevel ikkje gjere alt åleine. Det kan vere lurt å samarbeide med vener, familie eller naboar om eigenberedskap.

Dette kan beredskapsvener hjelpe kvarandre med:

  • fyrstehjelp ved skadar
  • omsorg og støtte
  • opphald og overnatting ved evakuering frå eigen bustad
  • oversetjing og forklaring av informasjon fra myndigheitene
  • praktisk hjelp til bruk av utstyr og verktøy
  • innkjøp, bering og transport
  • bytte eller byttelån av utstyr og varer
  • lån av mobiltelefon som er kobla til eit anna nett enn din
  • felles matlaging  


Fakta om Egenberedskapsuka 2025

  • Ei årleg kampanjeveke med informasjon og aktivitetar om eigenberedskap.
  • Målet er å auke befolkinga sin kunnskap og bevisstheit, slik at fleire gjer konkrete førebuingar for å klare seg sjølve i éi veke.
  • Veka er initiert av DSB (Direktoratet for Samfunnsikkerhet og beredskap), men kommunar, sivilforsvarsdistrikt og frivillige organisasjonar over heile landet gjennomfører aktivitetar og informasjonstiltak.
  • Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsvenn.
  • På dsb.no/egenberedskap er det mange gode tips om korleis du kan styrke din eigenberedskap.


Du kan finne brosjyrer om eigenberedskap på forskjellige språk imedieportalen på Direktoratet for Samfunnsikkerhet og beredskap sine nettsider.


2025 © Bremanger Frivilligsentral