Frivilligdagen 5. desember 2025 05.12.25: Tusen takk for at du er frivillig! 5.desember er ein nasjonal merkedag der vi skal hylle alle dei som gir av tida si og sitt hjarte for at lokalsamfunnet vårt skal vere ein god plass å bu. Frivilligheita er grunnmuren i lokalsamfunna våre - Tusen takk til alle som er fri og villig til å skape aktivitet!
FØRJULSFEST 01.12.25: Velkommen til førjulsfest onsdag 3. desember 2025 kl. 17:00 til 19:00 på Røde Kors huset i Svelgen
JULEGLEDER til born og unge som treng det mest i Bremanger kommune 25.11.25: Målet er at alle barn og unge i Bremanger kommune skal få ei julegåve å opne på julafta. Alle gåvene blir samla inn hos folkebiblioteket i Svelgen og på Hauge. Frist for levering er 9. desember 2025. TUSEN TAKK! For spørsmål kontakt Bremanger frivilligsentral, eller hovudbiblioteket i Svelgen. Gåvene vert fordelt etter behov meldt inn i eigne kanalar til frivilligsentralen.
Vil du bli med og lage Pepperkakebygda Davik 2025? 10.11.25: Vil du bli med og lage Pepperkakebygda Davik 2025? Baronesa Jiselda i samarbeid med LivOgLyst Davik. Inviterer deg ti å stille ut ditt pepperkakehus eller pepperkakekunstverk i Galleri Borgstova !
Eigenberedskapsveka 2025: Finn ut kven du kan hjelpe – og kven du kan få hjelp av 29.10.25: Samarbeid og fellesskap er viktig i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. Oppdater ditt eigenberedskapslager med ein beredskapsven!
FRAMTIDSMØTE FOR LAG OG ORGANISASJONAR 24.10.25: Velkommen til Framtidsmøte med lag og organisasjonar i Bremanger kommune Tid – tysdag 11. November 2025 kl. 17:30 – 19:30 Stad – Kommunestyresalen på Rådhuset i Svelgen Samfunnsoppdraget - leve, virke og nyte – heile livet • Samhandling mellom det frivillige og offentlege - opne møteplassar • Kvifor er det frivillige arbeidet viktig? Og kvifor bør/må vi starte med dette i ung alder? Innleiarar til tema er Jorunn Bakke Nydal og Tom Joensen Kommunedelplan for fysisk aktivitet og friluftsliv Innleiar er Norvall Klungresæter Inkluderer lett servering Meld deg på til Bodil tlf. 95989319 Innan 5. november 2025
Bli bøsseberar i årets TV-aksjon! 10.10.25: Du kan registrere deg som bøsseberar i årets TV-aksjon den 19. oktober.
Gratis kino i haustferien 03.10.25: Kom til Svelgen Samfunnshus tysdag 7. oktober 2025 kl. 12.00 for å sjå kinoen Grevlingane. Aldersgrense 6 år. Gratis kino og alle barn får gratis popcorn og gratis drikke.
Vestland fylkeskommune inviterer til webinar om spelemidlar hausten 2025 16.09.25: Kvart år blir overskotet frå Norsk Tipping fordelt til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Idrettslag, friluftslivsorganisasjonar, velforeiningar og andre liknande lag og organisasjonar kan søkje om spelemidlar. Organisasjonar som ynskjer å søkje om spelemidlar sender inn søknad i heimkommunen sin. Vestland fylkeskommune fordeler spelemidlane ut frå fastsette kriterium frå Kultur- og likestillingsdepartementet.
Eldsjelprisen nærmar seg 16.09.25: Utdelinga av Eldsjelprisen for 2025 nærmar seg. Eldsjelprisen går til ein person, lag eller organisasjon i Bremanger kommune som har utmerka seg gjennom mange år. 🏆 Fristen for å foreslå kandidatar denne gong er onsdag 10. oktober og forslaget må meldast inn skriftleg til kommunen.