BUA Bremanger er open tysdag, onsdag torsdag frå kl. 14.30 til kl. 17.00, 04.01.24 03.01.24: BUA Bremanger er open tysdag, onsdag torsdag frå kl. 14.30 til kl. 17.00. BUA Bremanger har fått inn mykje nytt vinterutstyr, som du kan låne gratis. Ski m/staver, skøyter, hockeyutstyr, akematter, akebrett og mykje anna. Kom innom for å sjå kva vi har. Er det ikkje ope, ta kontakt med Frivilligsentralen for avtale på mobil 95989319.
Førjulsfest, 19.12.23 15.12.23: Velkommen til førjulsfest på Røde Kors-huset i Svelgen tysdag 19. desember kl. 17:00 til 19:00. Det vert graut, førjulshygge og eit lite nissebesøk. Arrangør er Svelgen-Bremanger Røde Kors, Bremanger Frivilligsentral og Bremanger folkebibliotek
Adventskonsert - Heimatt ein tur til jul, 05.12.23 01.12.23: Velkommen til adventskonsert i regi av den kulturelle spaserstokken
Adventskonsert - Heimatt ein tur til jul, 05.12.23 01.12.23: Velkommen til adventskonsert i regi av den kulturelle spaserstokken
Markering av Verdsdagen for psykisk helse, 10.10.23 10.10.23: Velkommen innom på biblioteket! Vi markere verdsdagen for psykisk helse #lagplass
Internasjonal kafè, 09.10.23 04.10.23: Velkommen til ein uformell møteplass med drøs (prat), brettspel, og noko å bite i. Kom åleine eller ta med familie, venner eller ein kollega. Dette er ein god arena for å bli kjende. Alle er velkommen til å prate norsk denne ettermiddagen.
GRATIS KINO FOR BARN I HAUSTFERIEN. ECCO er medarrangør., 09.10.23 04.10.23: Velkommen til gratis kino i haustferien!
VELKOMMEN TIL SOMMARLESFEST PÅ BIBLIOTEKET I SVELGEN, 14.09.23 07.09.23: Arrangement i samarbeid mellom Bremanger folkebibliotek og Bremanger Folkeakademi
Generasjonsleikane, 07.09.23 05.09.23: VELKOMMEN TIL GENERASJONSLEIKANE TORSDAG 7. SEPTEMBER 2023 frå kl. 17:00 til 19:00 PÅ RÅDHUSPLASSEN I SVELGEN KOM BLI MED PÅ MUSIKK, SONG, MAT, LEIK OG MORO! ALT ER GRATIS;-)
, 26.06.23 22.06.23: Her blir det mat, spel, sang, drøs(prat) og kjekt samver Alle er velkomne Gratis inngang
WAYFARING STRANGER - KONSERTVERSJON MED JEFF PEDERSEN OG JACOB WYRTZ, 04.05.23 27.04.23: Gjennom song, poesi og Bluegrass -musikk, fortel Wayfaring Stranger om kva det kostar å forlate heimstaden sin. Smerta ved å ta farvel med dei næraste og kjære, og følelsen, som innvandrar, å vere ein utanforståande, men og verdien å lytte til fremmande stemmer. Konsertversjonen vert framført av : Jeff Pedersen -song, skodespel og Jakob Wyrtz- gitar, banjo, div
Wayfaring stranger, 04.05.23 26.04.23: Gjennom teater, poesi og Bluegrass -musikk, fortel Wayfaring Stranger om kva det kostar å forlate heimstaden sin.
Minner om konsert idag 21. april 2023, kl. 11:00, 21.04.23 21.04.23: VELKOMMEN TIL KONSERT PÅ STORSTOVA, SVELGEN OMSORGSENTER 21. APRIL 2023 KL. 11:00 I regi av den kulturelle spaserstokken
Den fantastiske poteta - ei kulturhistorie med Marianne Berg, 07.03.23 27.02.23: Velkommen til Bremanger folkebibliotek . Tysdag 7. mars 2023 kl. 17:00. Kom og bli med på ein potetkveld med god stemning og boksal. Arrangør: Bremanger folkeakademi i samarbeid med Bremanger folkebibliotek
VELKOMMEN TIL OPEN KAFÈ SVELGEN SAMFUNNSHUS, 13.11.22 10.11.22: Vil du smake på tyrkiske, ukrainsk, samali, norsk og tyske søtsaker i tillegg til kaffi? Vi venter på deg!
Ei musikalsk julefortelling for heile familien, 07.11.22 03.11.22: I den musikalske juleforteljinga «Eit hjarte til jul» les Line Dybedal frå biletboka med same namn. Låtskrivaren frå Nordfjord debuterte som barnebokforfattar med denne boka. Til framsyninga har ho laga fem nye songar som glitrar og funklar saman med den stemningsfulle og hjartevarme historia. Gratis inngang. Alle velkomne
Frivilligmøte, 09.11.22 24.08.22: Vi markere Frivilligåret 2022 kvar onsdag mellom kl.11.00 og 12.00 Frivilligmøte er i Bremanger Frivilligsentral • Dialog om prosjektsamarbeid for lag og organisasjonar • Frivillige utveksle erfaringar, tips og triks
Verdsmannen - Livsvitne, 07.06.22 31.05.22: Verdsmannen er ute med ny plate! Livsvitne, ei plate som sparkar i frå seg. Ketil Thorbjørnsen og Steinar Karlsen held konsert! Med seg i bagasjen har dei speleglede, humor og engasjerande viser til ettertanke. Verdsmannen speglar viktige tema i samfunnet som psykisk helse, utanforskap, klima og danning. Velkommen til Bremanger folkebibliotek tysdag 7. Juni 2022 kl. 17:00. Arr. Bremanger folkeakademi
Mat på hjul i Bremanger kommune, 07.04.22 29.03.22: Vi treng deg! MAT PÅ HJUL handler om å køyre ut mat 6 dagar i veka frå sjukeheimen i Kalvåg og omsorgssenteret i Svelgen.
Kickoff dag for markering av Frivilligåret 2022, 06.04.22 29.03.22: Målet er å invitere alle våre innbyggjarar til sosialt samvær og marker Frivilligåret 2022
Mat på hjul i Bremanger kommune, 05.04.22 29.03.22: Vi treng deg! MAT PÅ HJUL handler om å køyre ut mat 6 dagar i veka frå sjukeheimen i Kalvåg og omsorgssenteret i Svelgen.
Sykkelturen og Nordfjord Frivilligfestival 2022, Nordfjordeid, 22.06.22 02.03.22: Har du, ditt lag/organisasjon lyst å vere med å feire frivillighetens år? Bli med på sykkelturen og Nordfjord frivilligfestival 22.juni. :) Les meir og sjå korleis du som frivillig/organisasjona/kommune eller næringsliv kan vere med!
SPRÅKKAFÉ, 05.01.22 03.01.22: VELKOMMEN TIL SPRÅKKAFÉ i Bremanger Folkebibliotek, Svelgen onsdag 5. januar 2022!
Treng du digital hjelp?, 04.01.22 03.01.22: Bremanger Frivilligsentral driv digital hjelp i samarbeid med Bremanger Folkebibliotek på biblioteket tysdagar frå kl. 11.00 - 12.00. Vi er å treffe i biblioteket i Svelgen tysdagar, eller ring 95989319 (Bodil) for avtale.
JULEGÅVE TIL BARN OG UNGE SOM TRENG DET MEST AV ALLE I BREMANGER KOMMUNE, 06.12.21 06.12.21: JULEGÅVE TIL BARN OG UNGE SOM TRENG DET MEST AV ALLE I BREMANGER KOMMUNE Målet er at alle barn og unge i Bremanger kommune skal få ei julegåve å opne på julafta. Alle gåvene bli samla inn på folkebiblioteket i Svelgen (under juletreet).
JULEVERKSTAD, 30.11.21 30.11.21: Juleverkstad tysdagar og torsdagar frå veke 47. til 50. frå kl. 17.00 til kl. 18.30 i Bremanger Folkebibliotek, Svelgen.
JULEVERKSTAD, 25.11.21 23.11.21: Juleverkstad tysdagar og torsdagar frå veke 47 til veke 50 frå kl. 17.00 til kl. 18.30 i Bremanger Folkebibliotek, Svelgen
SIRI HELLE - MED BERRE NEVANE - FORFATTARMØTE, 11.11.21 11.11.21: SIRI HELLE - MED BERRE NEVANE - FORFATTARMØTE "Med berre nevane" - eit forsvar for praktisk arbeid, 2020 Dette er ei historie om å bygge eit lite, men heilt nødvendig hus på eiga hand, om praktisk arbeid og intens meistringsglede. Eit spanande og inspirerande møte som får deg til å brette opp ermene og lære deg noko vettig.
Klubbkveld 1. - 3. kasse, 28.09.21 20.09.21: Møteplassen invitere til klubb for 4. - 6. klasse tysdag 28.09. kl. 16.30 - 18.30 Arr. av Møteplassen er Laila og Roger.
DISCOFOX, 23.09.21 15.09.21: Jule frå Tyskland er danseinstruktør og vil lære alle danse DISCOFOX torsdag 23. september 2021. Kom til Aktivitetsbasen, Gamle gymsal i Svelgen og bli med og danse frå kl. 18.00 til 20.00 denne dagen.
TRUDE TEIGE, SANNINGA BAK FIKSJONEN, 21.09.21 15.09.21: Teige har til no skrive 10 romanar og når ho no kjem på turne` hjå oss ,vil ho ta utgangspunkt i dei sanne historiene bak dei 4 siste bøkene: «Mormor danset i regnet» -om dei norske kvinnene som gifta seg med tyske soldatar . «Pasienten»- Ho tek oss med til innsida av Dikemark psykiatriske sjukehus. « aldri tilgi» - om korleis ho har brukt erfaringar med #Metoo i krimromanen sin « morfar pustet med havet»- nyutgitt i 2021. krigshistorie frå østen. Arr. Bremanger Folkeakademi og Bremanger Folkebibliotek
Strikkekafe, 16.09.21 07.09.21: Møteplassen ønske velkommen til Strikkekafe i Borgstova torsdag 16. september kl. 18.00
Har du lyst å danse Discofox?, 09.09.21 06.09.21: Har du lyst til å danse Discofox? Så kom innom! Her lærer du det grunnleggende trinn og noen få figurer, og forhåpentligvis vil du ha det gøy:-)
SOMMARLESFEST MED ASKELADDEN FRITEATER, 16.09.21 06.09.21: Biblioteket og frivilligsentralen går saman og lagar til fest for dei flinke sommarlesarane våre med ei morosam og spennande forestilling med Askeladden friteater. Gratis inngang
Klubbkveld 7. - 10. klasse, 10.09.21 01.09.21: 7. - 10. klasse er velkommen til klubbkveld i Borgstova onsdag 10. september kl. 19.00 - 22.00. Arr. Møteplassen Borgstova v/ Laila og Roger
Klubbkveld 4. - 6. klasse, 01.09.21 25.08.21: 4. - 6. klasse er velkommen til klubbkveld i Borgstova onsdag 1. september kl. 17.00 - 19.00. Arr. Møteplassen Borgstova v/ Laila og Roger
Klubbkveld 1. - 3. kasse, 31.08.21 23.08.21: 1. - 3. klasse er velkommen til Møteplassen i Borgstova tysdag 31.08 kl. 16.30 - 18.30 Arr. Møteplassen v/Laila og Roger
Skogdag med tema; Sagbruk, skogsveg og skogkultur, 16.08.21 12.08.21: Skogdag med tema: Sagbruk, skogsveg og skogkultur Stad: Indrehus Bruk i Bremanger, Indrehus Tid: Måndag 16. august klokka 1600.
Erasmus+ og European youth week, 27.05.21 27.05.21: Info og grilling i Lunden/Skulevegen 9c på Naustneset i 27, 28 og 29 mai. Erasmus +muligheter😊 Husk påmelding til Anita mobil 91302768. Gratis arrangement. Velkommen.
Kva gjer ein mann?, 18.06.21 27.05.21: Velkommen til utekonsert ved biblioteket i Svelgen fredag 18. juni 2021 kl. 18:00 Vi viser hensyn til smittevernrestriksjoner og held avstand til kvarandre:-) Arrangør er Bremanger Folkeakademi
Gensaren til Johansen, svingande musikkteater for eldre, 14.05.21 12.05.21: Genser`n til Johansen, svingande musikkteater for eldre. Arr. Bremanger Folkeakademi
OFFISIELL OPNING AV BUA BREMANGER, 29.04.21 28.04.21: Vi prøvar igjen😊 VELKOMMEN til OFFISIELL OPNING AV BUA BREMANGER! Torsdag 29.04.2021 kl. 12.00 Velkommen v/ kommunalsjef Karl Vidar Førde Offisiell opning av ordførar Anne Kristin Førde Helsing frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og BUA Norge. Grunna Korona kan det ikkje vere mange i lokalitetane samtidig, men det er høve og komme innom BUA Bremanger utover ettermiddagen for å sjå og/eller låne.
OFFISIELL OPNING AV BUA BREMANGER er UTSETT., 25.03.21 22.03.21: Offisiell opning av BUA Bremanger er utsett grunna smittesituasjonen i Norge. Regjeringa innføre nye strengare tiltaka som vil gjelde frå torsdag 25. mars. Vi kjem tilbake med ny dato for offisiell opning. Ønske alle ei god påske!
NISSEJAKT, 01.12.20 01.12.20: NISSEJAKT Bli med på den store Nissejakta i Bremanger! Set ein nisse i vindauget ditt, så kan ungar i bygdene i Bremanger gå på nissejakt. Alle ungar som er med på jakta er med i trekninga av fine premiar. Nissejakta varer frå 1.desember til 31.desember. Det er Bremanger Frivilligsentral som står bak jakta. Det er adventstid og nærma seg julefeiring. I år blir denne tida annleis grunna covid-19. Av den grunn er det ekstra viktig å ha ein lystbetont aktivitet for heile familien. Bremanger frivilligsentral inviterer til nissejakt 2020 Du set ein nisse i vindauget. Vi oppfordrar alle i Bremanger til å finne fram ein nisse til å setje i vindauget. Ungane går tur rundt om i bygda si og ser kor ein finn ein nisse. Ungane kryssar av på kortet og samlar kryss. Kortet kan leverast uansett om det er fullt eller ikkje. Ein kan levere inn fleire kort. Korta kan leverast i postkassen som heng utanfor inngangspartiet til Rådhuset eller sendast bilde av til frivilligsentral@bremanger.kommune.no Nissekort kan du få på biblioteket i Svelgen/på oppslagstavla på Rådhuset i Svelgen eller kopiere opp sjølv (sjå lenke under). Her kan du kopiere opp kort til NISSEJAKT
InVi kurs for nettverksleiara 21.10.19: Nettverksleiara frå heile landet er samla i 3 dagar på Gardermoen