No kan bygdehusa i Sogn og Fjordane søke om samarbeid med Teater Vestland!

På oppmoding frå Teater Vestland deler vi denne spennande informasjonen! Målgruppa er først og fremst de som driv forsamlingslokale/bygdehus i kommunen! Er der bygdehus i kommunen med mykje aktivitet og eit engasjert styre som får ting til å skje i bygda, så vi vil Teater Vestland gjerne komme i kontakt med dei! Oppmod dei om å gå inn på https://teatervestland.no/ og søk om samarbeid med Teater Vestland! Søknadsfrist er 13. november.

Lyst på teaterbesøk i bygda di?
Med eit billettfond med pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane håper Teater Vestland å skape endå meir lys i bygdehusa i Sogn og Fjordane.

Kjært barn har mange namn: grendehus, bygdehus, samfunnshus, ungdomslagshus, forsamlingshus, bygda si storstove. Ifølge «Huset i Bygda» si årsmelding for 2022 er det heile 892 forsamlingshus i Vestland fylke, 513 i Hordaland og 367 i Sogn og Fjordane. Som regel er desse husa bygde på dugnad med midlar samla inn av bygdefolket, og tradisjonelt har dei blitt brukte til alt frå fest, bingo, politiske møte, revy, val, bryllaup og gravferder - og teaterframsyningar.  

Inspirert etter studietur
Korleis kan Teater Vestland bidra til å blåse liv i desse husa? 

— Vi har vore på studietur til Randers regionteater i Danmark, og der har dei fått til ein svært vellukka modell. Forsamlingshusa i regionen søker om å få besøk av teateret og beheld alle billettinntektene sjølve. Vi gjesta ein av spelestadene, og då sat folk og kosa seg med ein treretters, medan teknikarane rigga opp til framsyning. Det var topp stemning, seier teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt og held fram:  

— Modellen er mogleg fordi teateret blir kompensert av eit billettfond. Vi er så himla heldige at vi har fått pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, og med deira støtte kan vi no prøve ut "Lys i bygda” i Sogn og Fjordane i 2025.  

Får 1 million kroner
Bygdehusa søker via teaterets heimeside. Kvart år turnerer Teater Vestland med to framsyningar til bygdehus, éi for vaksne og éi for barnefamiliar. Saman skal bygdehuset og teateret jobbe for å få flest mogleg innfor dørene for å oppleve scenekunst.  Prisen på teaterbilletten kan publikum velje sjølv, etter Teater Vestland sin prismodell betal-det-du-kan. Gulrota for dei som blir med på laget som engasjerte arrangørar, er at dei beheld alle billettinntektene.

— Vi veit at kultur- og aktivitetstilbod på kveldstid skapar bulyst, og med dette prosjektet, «Lys i bygda», vil grendehusa sitte att med midlar til å skape endå meir aktivitet. Vi takkar den lokale banken for tilliten og gler oss til å gå i gang, seier ein opplagd teatersjef. 

Gåva er på 1 million kroner. Den er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

–  Gåva kjem heile Sogn og Fjordane til gode, og «Lys i bygda» skal vere med på å skape nettopp liv og lys i bygdene våre. Dette er eit prosjekt som er vinn-vinn på alle måtar. Ikkje berre vil det gi bygdene i Sogn og Fjordane flotte teateropplevingar, men også inntekter. Å få vere med og bidra er veldig kjekt, seier Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane. 

Les meir om ordninga i dette dokumentet Informasjon om samarbeidsmodell Lys i bygda

Marion Aas Wie
Marknadsrådgivar
Mobil + 47 911 01 335
Storehagen 10, 6800 Førde | www.teatervestland.no

2024 © Bremanger Frivilligsentral