Framtidsmøte for lag og organisasjonar

Onsdag 25. september inviterer vi til eit framtidsretta informasjonsmøte med alle lag og organisasjonar i kommunen.

Lurer du på kva som skjer framover? Vi vil gjerne diskutere alt vi planlegg for framtida!

Møtet er onsdag 25. september kl. 17:30 i kommunestyresalen på rådhuset. Det blir lett servering. Meld deg derfor på til Bodil ved tlf.: 95989319 innan 20. september.

Alle inkludert

Temaet for møtet er “alle inkludert". Vi arbeider aktivt mot utanforskap og einsemd gjennom deltaking og engasjement, og håper at dykk i lag og organisasjonane rundt oss vil bli med i arbeidet. 

I møtet skal vi forelje litt om temaplan for barn og unge og korleis kommunen saman med lag og organisasjonar kan samarbeide for ein aktiv kommune. Vi går igjennom korleis foreningsportalen er lagt opp og korleis du kan dra nytte av den. Vi presenterer fritidskortet, ei ny ordning som dekker utgifter knytt til kultur og annan aktivitet. Vi går også innom friluftsåret 2025 og planane for neste år. 

Flere nyheter

Vi føl opp suksessen frå 2023! Generasjonsleikane

Generasjonsleikane 2024 vert på skuleplassen ved Hauge oppvekst Torsdag 19. September kl. 17:00 – 19:00. Alle velkommen! Vi føl opp suksessen frå 2023! Alle kan delta på tvers av generasjonar der inkludering, samarbeid og frivillige er fokus. Trivselsdag med aktivitet av ulike slag der fantasien kun er hinder. Det vert underhaldning og lett servering. Alt er gratis. Ta kontakt med frivilligsentralen på e-post frivilligsentralen@bremanger.kommune.no om du og lag vil bidra eller ha rekrutteringsstand på skuleplassen. Arrangementet er initiert av “Senteret for et aldersvennleg samfunn”, https://www.aldersvennlig.no/

Fjordane Friluftsråd oppmoder om å bli med på Strandryddeveka 13. - 22. september 2024

Bli med og hold det marine miljø fri for boss! 13.- 22. september arrangerast Strandryddeveka, og vi vil ha deg med på laget! Strandryddeveka er ei nasjonal kampanje som har som mål å rydde boss. Det er ikkje snakk om eit stort arrangement, men mange små i heile Norge. Det er heller ikkje snakk om å ha ein aksjon i heile den perioden; ein aksjon på nokre timar en ettermiddag eller i helga er meir enn nok. Vil du ta med deg dine kollegaer på ein liten plukkerunde i lunsjen? Supert! Ta med deg ditt grendelag, ditt idrettslag, din arbeidsplass, skulen din, klubben din, trimgruppa, vennegjengen eller familien, og bli med ut og rydd.

2024 © Bremanger Frivilligsentral