Fjordane Friluftsråd oppmoder om å bli med på Strandryddeveka 13. - 22. september 2024

Bli med og hold det marine miljø fri for boss! 13.- 22. september arrangerast Strandryddeveka, og vi vil ha deg med på laget! Strandryddeveka er ei nasjonal kampanje som har som mål å rydde boss. Det er ikkje snakk om eit stort arrangement, men mange små i heile Norge. Det er heller ikkje snakk om å ha ein aksjon i heile den perioden; ein aksjon på nokre timar en ettermiddag eller i helga er meir enn nok. Vil du ta med deg dine kollegaer på ein liten plukkerunde i lunsjen? Supert! Ta med deg ditt grendelag, ditt idrettslag, din arbeidsplass, skulen din, klubben din, trimgruppa, vennegjengen eller familien, og bli med ut og rydd.

Vedlagt ligg eit skriv med "korleis arrangere strandrydding?", med tips til korleis rydde og ting ein skal tenkje på når ein skal strandrydde.

Og HMF Sikkerhetsveileder 2023, som ein bør lese.

Vi ynskjer at de nytter ryddenorge.no ved strandrydding. Ved registrering i forkant av strandrydding, gjer dette aksjonen synleg for andre til å bli med. Etter strandrydding treng vi informasjon om kor de har rydda, kor mange som har vert med og kor mange kg de har samla. Takk på førehand!

Ta kontakt med Karoline Kristin Vognild i Fjordane Friluftsråd ved spørsmål. Hennar mobil er 482 22 238.

God tur og god rydding!


2024 © Bremanger Frivilligsentral