FERIEKLUBB Jakta på superkreftene i Bremanger kommune

FOR DEI MINDRE (2. – 4. KLASSE) Det viktigaste målet er å skape ei kjekk og lærerik aktivitetsveke som inspirerar borna til å vere nysgjerrig, spørje og få nye erfaringar!

Meld deg på til ferieklubb her

Ferieklubben vil gjennom sine aktivitetar ta utgangspunkt i leikbasert læring, og vi skal ha mange kjekke aktivitetar heile veka! Timeplanen er ikkje ferdig-snikra per i dag, men som inspirasjon kan det bli til dømes slik:

Måndag
Vi er kokkar og lagar mat!

Tysdag
Kva gjer ein snekkar? Vi byggjer!

Onsdag

Vi er Klima-ninjaer! Kva er klimaendring og korleis kan vi beskytte miljøet og framtida?

Torsdag

Vi leikar med robotar og lærer koding!

Fredag

Kva er kjemi? Vi lagar smell, bobler og slim! 

Avslutningsseremoni:

Vi avsluttar veka med utdeling av diplom og medalje. Is og brus til alle! 

Ein melder seg på for ei heil veke om gangen.

Dato og stad:

  • Bremanger kommune:
    • Veke 26: Svelgen Oppvekst
    • Veke 32: Hauge Oppvekst
  • Gloppen kommune:
    • Veke 27 og Veke 31 Sandane Barneskule
  • Stryn kommune:
    • Veke 28 Tonning Barneskule
  • Stad kommune:
    • Veke 30 Nordfjordeid Barneskule

Tid: kl 0900 -1500

Deltakerar er sjølv ansvarlege for å komme seg til og frå ferieklubben. Om foreldre vil ordne samkjøring kan vi dele deltakerliste nær oppstartsdato.

2024 © Bremanger Frivilligsentral