-
Framtidsmøte for lag og organisasjonar
Onsdag 25. september inviterer vi til eit framtidsretta informasjonsmøte med alle lag og organisasjonar i kommunen.
Søknad om tilskot frå Hennøy VindForening
HENNØY VINDFORENING HAR SØKNADSFRIST 30. SEPTEMBER FOR STØTTE TIL ALLMENNYTTIGE FØREMÅL 2024 Det er to tildelingar i løpet av året, med søknadsfrister 31. mars og 30. september. Sjå under fanen "Søknad"STØTTE TIL ALLMENNYTTIGE FØREMÅL 2023
Hennøy VindForening (HVF) er ei forening oppretta i samarbeid mellom grunneigarar/bygdelag i
dei to bygdene Hennøy/Nesbø, og Renantis Norway (RN) (tidligare Falck Renewables Vind AS), utbyggjar av Hennøy Vindkraftverk på Marafjellet i Bremanger Kommune.
Hennøy VindForening støttar allmennyttige formål i lokalsamfunnet rundt Hennøy Vindkraftverk.
Kvart år mottek HVF samfunnsmidlar frå RN, og distribuerer desse midlane vidare til gode
prosjekt eller tiltak som er i tråd med foreninga sine vedtekter.
Hennøy VindForening kan støtta prosjekt eller tiltak innanfor det geografiske området som er vist på områdekartet.
Søknad om støtte kan rettast til foreninga sitt styre og sendast på e-post til post@hennoyvind.no
Utfyllande informasjon om søknad, samt søknadskjema i GOOGLE Docs (for søkjarar som har GOOGLE-konto) finn du under fanen .
Søknadskjema i WORD-format finn du her.
Vedtektene for Hennøy VindForening finn du her.
Link til Hennøy VindForening på Facebook finn du her.
Del på:
-
Generasjonsleikane
-
Fjordane Friluftsråd oppmoder om å bli med på Strandryddeveka 13. - 22. september 2024
Bli med og hold det marine miljø fri for boss! 13.- 22. september arrangerast Strandryddeveka, og vi vil ha deg med på laget! Strandryddeveka er ei nasjonal kampanje som har som mål å rydde boss. Det er ikkje snakk om eit stort arrangement, men mange små i heile Norge. Det er heller ikkje snakk om å ha ein aksjon i heile den perioden; ein aksjon på nokre timar en ettermiddag eller i helga er meir enn nok. Vil du ta med deg dine kollegaer på ein liten plukkerunde i lunsjen? Supert! Ta med deg ditt grendelag, ditt idrettslag, din arbeidsplass, skulen din, klubben din, trimgruppa, vennegjengen eller familien, og bli med ut og rydd.
-
Hekle/strikke kafe
-
MØTE MED LAG OG ORGANISASJONAR