Rickshaw-syklar i Bremanger kommune

Rickshaw-syklane, som vi har venta på lengje, er no kommen til Bremanger kommune. Rickshaw-sykkel er ein elektrisk passasjersykkel. På bilde her er BUA-medarbeidarane Nina og Annabell og utviklingskoordinator Anne Karin Svarstad klar for sykkeltur med kommunalsjef samfunn og utvikling Karl Vidar Førde og kommunalsjef helse og omsorg Randi Ytrehus som passasjerar. I dag har vi vore ute og testa syklane mellom regnbyene ved Rådhuset i Svelgen. Syklane kjem til einingane i grendene våre og vil vere mogleg å låne for nærpersonar og pårørande for å ta med seg sine nærmaste ut på tur. GOD SYKKELTUR!

Ut av einsemd - inn i kvardagaktivitet

Som ein del av Bremanger kommune si gjennomføring av "Leve heile livet" reforma, der aktivitet og fellesskap er eit av satsingsområda har Bremanger kommune har kjøpt inn 5 Rickshaw syklar. Dette er el-syklar med plass til passasjer framme. Sjukeheimane Svelgen Omsorgssenter og Bremanger sjukeheim har fått kvar sin sykkel. Det blir også utplassert Rickshaw syklar på Haugetun og Klokkartunet. Den 5. sykkelen blir til utlån i BUA i regi av Bremanger frivilligsentral.

Eit mål for helse og omsorgstenestene er å sikre den einskilde tenestmottakar eit verdig og så langt som mogleg meiningsfyllt liv i samsvar med individuelle behov. Opplevingar i kvardagen som stimulerer sansar og minne, bevegelse og deltaking i sosiale fellesskap er viktig for å få til dette.  Sykkeltur med desse passasjersyklane kan vere fin aktivitet i kvardagen, at dette er el-syklar kan gjere det lettare. Ein kan ta turar i nærområdet, til arrangement og kanskje på butikken. Pårørande, andre frivillige og tilsette er viktige for å få til aktivitet med desse syklane.

Vi søkjer frivillige som kan vere sykkelpilotar, det vil seie ta med seg bebuarar eller heimebuande ut på sykkeltur. Dette vil ofte vere pårørande, men andre som kan tenkje seg å vere frivillige oppfordrast til å ta kontakt med Bodil Edvardsen ved Bremanger frivilligsentral. Før ein kan ta med seg passasjerar på syklane må ein gå gjennom ei kort opplæring med korleis sykkelen verkar og sikkerheitsreglar.

Det er ikkje akkurat høgsesong for sykkeltur no, men vi håpar og trur at dette vil bli eit mykje nytta tilbod spesielt i sommarhalvåret. 

Vi har også kjøpt inn fleire Motiview syklar, som er ein slags ergometersykkel til innandørsbruk. Der har ein skjerm med filmar, slik at ein kan sykle langs filma landeveg eller by.   Det har nyleg vore sykkel-VM for seniorar, der desse syklane har skapt mykje engasjement og aktivitet.

Innkjøp av dette aktivitetsutstyret  er ein del av eit prosjekt der  ein skal systematisere og strukturere  samarbeidet mellom einingane innan helse og omsorg, frivilligsentralen og frivillige. Ein vil og få med seniorar som frivillig ressurs. Prosjektet skal motverke einsemd og isolasjon i målgruppa sårbare eldre.

Helsedirektoratet har midlar til ulike prosjekt til kommunar som innrettar i arbeidet med "Leve heile livet". Dette er ei samfunnsreform som legg vekt tverrfagleg samhandling og samarbeid med frivillige. Vi søkte helsedirektoratet om   prosjektmidlar og tildelinga vi fekk har gjort desse innkjøpa mogleg.

2025 © Bremanger Frivilligsentral