Tirsdag 1 Desember 2020
01.12.2020 kl. - 31.12.2020 kl., Bremanger kommune
NISSEJAKT
NISSEJAKT Bli med på den store Nissejakta i Bremanger! Set ein nisse i vindauget ditt, så kan ungar i bygdene i Bremanger gå på nissejakt. Alle ungar som er med på jakta er med i trekninga av fine premiar. Nissejakta varer frå 1.desember til 31.desember. Det er Bremanger Frivilligsentral som står bak jakta. Det er adventstid og nærma seg julefeiring. I år blir denne tida annleis grunna covid-19. Av den grunn er det ekstra viktig å ha ein lystbetont aktivitet for heile familien. Bremanger frivilligsentral inviterer til nissejakt 2020 Du set ein nisse i vindauget. Vi oppfordrar alle i Bremanger til å finne fram ein nisse til å setje i vindauget. Ungane går tur rundt om i bygda si og ser kor ein finn ein nisse. Ungane kryssar av på kortet og samlar kryss. Kortet kan leverast uansett om det er fullt eller ikkje. Ein kan levere inn fleire kort. Korta kan leverast i postkassen som heng utanfor inngangspartiet til Rådhuset eller sendast bilde av til frivilligsentral@bremanger.kommune.no Nissekort kan du få på biblioteket i Svelgen/på oppslagstavla på Rådhuset i Svelgen eller kopiere opp sjølv (sjå lenke under). Her kan du kopiere opp kort til NISSEJAKT
2024 © Bremanger Frivilligsentral