Fredag 18 Juni 2021
Kl. 18:00 - 19:00, Ved biblioteket i SVelgen
Kva gjer ein mann?
Velkommen til utekonsert ved biblioteket i Svelgen fredag 18. juni 2021 kl. 18:00 Vi viser hensyn til smittevernrestriksjoner og held avstand til kvarandre:-) Arrangør er Bremanger Folkeakademi

Folkeakademiet Sogn og Fjordane er glade for å presentere to av våre musikalske talent: 

Erlend Ona Gjul og Erlend Os. 

Kva gjer ein mann? 

- Er ein leikande musikalkonsert der vi møter fleire av musikallitteraturen sine største mannlege hovudroller. Kva formar desse mennene ? - Kva veks dei på ? Kva val gjer dei som har innverknad på karakteren sitt liv, og på våre liv. 

- Ei kjenslereise der hjarta får køyre berg og dalbane i lag med to sterke formidlarar. 

- i tillegg vil dei to musikarane inviterer dei inn ei lokal kvinneleg songstjerne på kvar stad dei vitjar. 

Erlend Ona Gjul (Holmedal) er ein klassisk skula baryton med ei stor røyst. Han har sunge på fleire av dei største scenene i landet M.A. Reisa til julestjerna 2020 og Sound Of Music i 2015 ved Opera Nordfjord. 

Med seg har han Erlend Os (Nordfjordeid) Klassisk skula pianist som for tida er organist i Naustdal, og lærar ved Sunnfjord Folkehøgskule. Dei to har arbeida mykje i lag, mellom anna på sogespelet Elskhug og Eksis på Nordfjordeid i fleire år. 


Dei vitjar: 

Luster prestegard 11. juni kl.19.00 

Svelgen bibliotek 18. juni kl. 18.00

Florø by 19. juni 15.00 

Blix hotell i Vik 20. juni kl. 18.00 

 

"Kultur der du bur ! "

Folkeakademiet Sogn og Fjordane

2024 © Bremanger Frivilligsentral