Fredag 10 September 2021
Kl. 12:00 - 17:00, På Øyratunet i Svelgen
KULTURMINNEDAGEN 2021 I SVELGEN
KULTURMINNEDAGEN 2021 I SVELGEN 10.september kl. 12.00-17.00 Prosjektet «SMELT» tek for seg kulturminne frå industriutviklinga i Svelgen, og blir tema for Kulturminnedagen i år. På Kulturminnedagen ynskjer vi å gje ein smakebete på prosjektet som inneheld eit barnemusikkteater og ei kulturløype.

KULTURMINNEDAGEN 2021 I SVELGEN

10.september kl. 12.00-17.00


Prosjektet «SMELT» tek for seg kulturminne frå industriutviklinga i Svelgen, og blir tema for Kulturminnedagen i år. 

På Kulturminnedagen ynskjer vi å gje ein smakebete på prosjektet som inneheld eit barnemusikkteater og ei kulturløype.

Musikkteateret «SMELT, spelet vårt om Svelgen» tek utgangspunkt i boka til Kåre Kjelkenes og Eli Tideman, og handlar om oppvekst i industribygda på 1930-talet. Dette er eit samarbeid mellom Revylaget, Svelgen oppvekst, Bremanger kulturskule og kultureininga. Manus, musikk og regi er av Tor Karseth. Han har lang erfaring med tilsvarande produksjonar i Hedmark, og også med «Bella, Solla og Per» i Smørhamn. Stykket vil ha premiere fredag 22. oktober på Svelgen samfunnshus.

Kulturløypa blir ein tur gjennom 150 år med historie. Frå Øyratunet, Rise- og Sande-gardane, fram til utsikta frå Kyrkjeberget i dag. 

Prosjektet er også ei markering av 100-års jubileet for oppstart av kraftutviklinga i bygda.


Program fredag 10. september 

Stad:  Øyratunet (Risehuset, det eldste huset i Svelgen) 

Kl. 12.00- 17.00               Samtale og innspel til historia om Svelgen. Kulturløypa blir vist slik den er i dag. Her ynskjer vi dialog om historia så kom og delta!

                            Fleire historiekjennerar frå Svelgarar  sit benka for å delta i praten.

Kl. 12.30                             «SMELT»- koret frå Svelgen oppvekst gjev oss smakebetar frå forestillinga

Kl. 15.30                            Norvall Klungreseter: «Årgangsviser»


Det vil bli sal av kaffi og kringle frå Bakarhuset.

VELKOMMEN!

2024 © Bremanger Frivilligsentral