Fredag 12 Juli
Kl. 09:00 - 15:00, Ålfoten
Friluftsskule Bremanger 1: Ålfoten
Fjordane Friluftsråd arrangerar Friluftsskulen som er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9-13 år. Vi har ein flott kystnatur, og vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen. Gjennom ulike aktiviteter, ferdsel og opplevingar ynskjer vi å gje dei ei forståing av naturen sin eigenart og tålegrenser.

Tidsmessige og praktiske rammer: Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge i kommunen og vil foregå i ulike naturmiljø. Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema: rettar og pliktar som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass.

Aktivitetane startar kl 9 og sluttar kl 15 den fyrste dagen. Dag 2 startar vi kl 9 og overnattar til dag 3. Dag 3 avsluttar vi kl 15. På overnatting. Det er frivillig om ein ynskjer å overnatte.

Dagsplanar og innhaldet i undervisninga: Friluftsskulen i år har plass til 20 deltakarar. Stort sett vil vi vere samla, men ved enkelte høve vil vi dele deltakarane i mindre grupper.

Lenke til påmelding: https://fjordanefriluftsrad.hoopla.no/event/3907871026

2024 © Bremanger Frivilligsentral