Onsdag 10 November 2021
Ved Bremanger Frivilligsentral med inngang mot sjø
BUA BREMANGER ER OPEN ONSDAGAR FRÅ KL. 15.00 - 17.00
VELKOMMEN TIL BUA BREMANGER

OM ORDNINGEN

Hjå BUA Bremanger kan du låne sports- og fritidsutstyr helt gratis!

BUA Bremanger har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag og organisasjonar og besøkjande i Bremanger kommune.

Friluftseldoradoet i Bremanger er tilgjengeleg heile døgnet heile året og ein treng ikkje nødvendigvis lang planlegging og organisering for å gjere nytte av den. Ideane kan hende kjem, når du ser utstyret i BUA Bremanger.

Utstyrsbiblioteket er eit resultat av eitt breidt samarbeid/satsing nasjonalt og lokalt. Tiltaket vil gje positive ringverknadar som sosialt fellesskap, naturopplevingar, læring og meistring, integrering og inkludering og er positivt for både fysisk og psykisk helse.

BUA Bremanger føl nasjonale smittevernreglar og ikkje vere mange inne i BUA samtidig, men ta kontakt og vi ordner tilgang til BUA Bremanger.

Bremanger Frivilligsentral har det administrative ansvaret.

Er du intressert? Vil du vere ein av våre frivillige i BUA?:) Ta kontakt

2024 © Bremanger Frivilligsentral