Torsdag 23 Oktober
Kl. 18:00 - 20:00, Bremanger Fjordhotell
Info-møte for tilflyttarane
Tilflyttarkontoret i Bremanger inviterer nye tilflyttarar til kommunen dei siste fem åra til informasjonsmøte. Arrangementet er på Bremanger Fjordhotell torsdag 23. oktober klokka 18.00.

Kommuneleiinga kjem for å informere om tilboda frå kommunen, enten det gjeld skule, helse eller jobb. I tillegg kjem STIF, Bremanger Idrettslag, Keipen Turlag og 4H for å snakke med dei som har flytta hit.


Inviterer tilflyttarane til info-møte - Gode Bremanger 

2025 © Bremanger Frivilligsentral