Tirsdag 7 Oktober
Kl. 16:00, Klokkartunet, Davik
Frå sommarvind til haustbris med Helene Myklemyrs Trio
Helene Myklemyr spelar trekkspel og gitar, John Oddvar Kandal spelar fele og Hege Alme er vokalist. I regi av den kulturelle spaserstokken kjem trioen i år med programmet «Frå sommarvind til haustbris» Sjølv om sommaren for lengst er omme, vil me gjerne halde på den så lenge som mogeleg, og serverer difor lett og fengande underhaldning som tek oss attende til lyse sommardagar, samstundes som me tek i mot hausten og sjarmen den har å by på. Kanskje vert også dansefoten medriven med nokre lette dansesteg for den som ynskjer det?

Helene Myklemyr Trio

Helene Myklemyr, opprinneleg frå Jostedalen, spelar trekkspel og gitar. Ho har lang fartstid både som underhaldar og dansemusikar. No er ho kyrkjemusikar på trekkspel, som ein av få i landet, og er soleis ein allsidig akkompagnatør innafor fleire stilartar.

John Oddvar Kandal frå Breim spelar fele, og kallar seg bygdespelemann. Mange har nok svinga seg etter musikken hans opp gjennom åra. Han er ein allsidig musikar som ved sida av dansemusikken like gjerne vartar opp med vare og vemodige lydarslåttar.

Hege Alme, opprinneleg frå Jølster, er eit ettertrakta namn som vokalist. Ho er med i fleire vokalgrupper, og er også etterspurd for solistoppdrag både i og utanfor heimkommunen Gloppen.

Trioen har hatt oppdrag både for konsert og dans, og repertoaret femner både visesong, popmusikk, slagerar frå 50- og 60 -talet og ikkje minst god gammaldansmusikk.

Foto: Kari Synnøve Raad

2025 © Bremanger Frivilligsentral