Helene Myklemyr Trio
Helene Myklemyr, opprinneleg frå Jostedalen, spelar trekkspel og gitar. Ho har lang fartstid både som underhaldar og dansemusikar. No er ho kyrkjemusikar på trekkspel, som ein av få i landet, og er soleis ein allsidig akkompagnatør innafor fleire stilartar.
John Oddvar Kandal frå Breim spelar fele, og kallar seg bygdespelemann. Mange har nok svinga seg etter musikken hans opp gjennom åra. Han er ein allsidig musikar som ved sida av dansemusikken like gjerne vartar opp med vare og vemodige lydarslåttar.
Hege Alme, opprinneleg frå Jølster, er eit ettertrakta namn som vokalist. Ho er med i fleire vokalgrupper, og er også etterspurd for solistoppdrag både i og utanfor heimkommunen Gloppen.
Trioen har hatt oppdrag både for konsert og dans, og repertoaret femner både visesong, popmusikk, slagerar frå 50- og 60 -talet og ikkje minst god gammaldansmusikk.
Foto: Kari Synnøve Raad