Onsdag 17 September
Kl. 18:00, Galleri Torsheim, Kalvåg
Staalesen til Bremanger
Forfattar Gunnar Staalesen kjem til Kalvåg i september for å snakke om Bergens-trilogien. Det populære romanverket er eit levande portrett av Bergen by på 1900-talet. Staalesen har markert seg som den store kronikøren av Hansabyen på Vestlandet. Bokbadet i Kalvåg er onsdag 17. september klokka 18.00 på Galleri Torsheim, og blir leia av Dag H. Nestegard. Gratis inngang.

Fire romanar så langt

Det første bandet i trilogien om Bergen kom på slutten av 1990-talet. Deretter kom det to bøker til før det fjerde frittståande band med tittelen «Post Festum» blei publisert. Dette førebelse siste bandet tar føre seg mysteriet med Isdalskvinna, og følgjer historia i byen og på Vestlandet fram til vår tid. Her er også Varg Veum med.

Preludium er tittelen

Den nye boka til Staalesen har fått tittelen «Preludium», og blir den femte romanen i denne serien. Boka handlar om tida før det første bandet i Bergens-trilogien.

I «Preludium» møter vi igjen verkets femme fatale, Maren Kristine Pedersen frå Nordnes, og mange av dei andre karakterane frå trilogien. Konsul Frimann, skipsreiar Dünner og forfattar Hjalmar Brandt som mange mistenkjer er eit tidleg portrett av Nordahl Grieg, det bergenske borgarskapets raude yndling.

Men den nye boka er meir en ein kriminalroman. Utgjevinga er også eit portrett av Bergen i siste halvdel av 1800-talet, levande fortalt av den kanskje mest populære Bergens-forfattaren i vår tid.
Boka er i handelen frå måndag 25. august.

Portrett av Bergen på 1800-talet

Her er det forlaget Gyldendal, skriv om den nye Staalesen-romanen:
«I Preludium tar Gunnar Staalesen oss tilbake til en by i vekst og omveltning. Vi følger politiske strømninger og personlige skjebner på vei inn i det 20. århundret. To brødre fra Eksingedalen søker lykken i Bergen, men møter brutale realiteter i en by preget av dype sosiale skiller. Samtidig etterforsker politimennene Ole Berstad og Christian Moland to mistenkelige dødsfall. 

Parallelt utspiller det seg et forbudt kjærlighetsforhold i skyggene, i en tid da et slikt avvikende følelsesliv var straffbart.

Leserne får et gjensyn med sentrale skikkelser fra 1900-trilogien, og inn i historien veves dramatiske hendelser i Bergens fargerike teatermiljø og blant byens øvre lag. Sentralt står også den spektakulære Bergensutstillingen i 1898. Med sin sedvanlige teft for historiske detaljer og menneskelige drama gir Staalesen oss et gripende forspill til sin store romanserie.»

Mest kjend for Varg Veum

Gunnar Staalesen er mest kjend for  romankarakteren Varg Veum, privatetterforskaren som har bakgrunn frå barnevernet. Mange veit sikkert at det står ein statue av Varg Veum på Strandkaien, der båten frå Nordfjord legg til. Fleire av kriminalromanane Staalesen har skrive om Veum er filmatiserte.

Varg Veum-serien har selt over 4 millionar eksemplar internasjonalt, og er omsett  til 24 land, ifølgje Gyldendal Agency.

Bokbadet i Kalvåg er onsdag 17. september klokka 18.00 på Galleri Torsheim, og blir leia av Dag H. Nestegard. Gratis inngang.

2025 © Bremanger Frivilligsentral