Bremanger frivilligsentral og Bremanger folkebibliotek tilbyr hjelp til problem ein måtte ha i kvardagen med nettbrett, mobiltelefonar og PC. Utfylling av pasientreiseskjema, justering av volum eller problem med Facebook? Då skal vi prøve å hjelpe deg!
Frå 11:00 til 12:00 kvar tysdag vil det vere nokon på biblioteket som er tilgjengeleg for å hjelpe deg. Det passer særleg godt om du treng litt tid til veiledning og ein kopp kaffe.
Dersom du har problem med nettbank er det lurt å kontakte din bank direkte.