Hei godt folk!
Vi i #livoglystdavik har ønsker om å skape meir liv og lyst i den kjære bygda vår.
Difor tek vi kontakt med DEG!
Kvifor akkurat DEG?
● Fordi DU vaks opp/gjekk på Davik skule
● Fordi DU har eit hjarte for og frå Davik
● Fordi DU er ein del av ei felles historie og fellesskap
● Fordi DU lengtar heim til Davik
● Fordi DU vurderar å flytte heim til Davik
● Fordi DU sit med konkrete flytteplanar til Davik
● Fordi DU synast det er moro å sjå gamle vener i påskeferien
Vi inviterar DEG til eit møte med tema: HEIMELENGSEL.
Planen er først og fremst å dele erfaringar og tankar rundt det å flytte heim. Vi i Liv og Lyst Davik vil leie møtet. Vi vil invitere sambygdingar som har flytta heim til Davik og omegn og dei som har tatt valet med å flytte til ein anna stad i nærleiken av Davik. Vi vil informere dykk om mogleigheiter, ulemper, utfordringar og hjelp som de kan få. Fokuset framover er på kva som skal til for at fleire tek steget til å flytte heim.
Vi serverar alkoholfri drikke og pizza mot slutten av møtet. Sjølve møtet er eit alkoholfritt arrangement, men dei som ønsker å sitte igjen etter møtet er hjarteleg velkomne til det.
Lobbyen er tilgjengelig til kl 21 for alle som vil bruke tida i lag (før de går til Dampen for å sjå Trubadurix).
Påmelding, trykk på SKAL innan tysdag 15 April kl 12.00 på arrangementet på Facebook https://fb.me/e/gNbVDstKT (da vet vi kor mye pizza vi må kjøpe)