Tirsdag 28. januar 2025 kl. 19:00 - 20:30
Lørdag
9
November
2024
I regi av den kulturelle spaserstokken kjem Misery and company på turne i Bremanger kommune til Storstova, Svelgen omsorgsenter laurdag 9. november kl. 11:00.
Misery & Company er eit bluegrassband frå Nordfjordeid. Dei har gitt ut eigen musikk og mellom anna spelt på Norsk Countrytreff, Gymmen Americanafestival, Malakoff LiveLaga og vore nominerte til Luttprisen for beste nykommar i Sogn og Fjordane. Musikken dei spelar er bluegrass, akustisk musikk med fleirstemt song, banjo, fele, gitar, mandolin og kontrabass. Bluegrass er ein nær og kjær slektning til gospelmusikken, og mange gospellåtar kler bluegrassdrakta svært godt.
Hjarteleg velkomne!
Kl. 11:00, Storstova, Svelgen omsorgsenter
Misery and company, Svelgen omsorgssenter