Klaus Vatne- «Songar» av Jon Fosse. konsert.
Klaus Vatne er ein Bergensmusikar som har vore aktuell med eigne tonesettingar av Jon Fosse sine «Songar» (Samlaget 2009 ) sidan 2011. Klaus har framført «Songar» mest i Vestland fylke, mellom anna ved fleire scener i Bergen og litteraturfestivalen i Odda. Musikken spenner frå vise til rock.
Om Jon Fosse prosjektet: Det begynte hausten 2010. Mi eiga mor, forfattar Ingri Lønnebotn, planta boka «Songar» i fanget mitt og spurde om eg ikkje burde sjå på desse. Som sagt så gjort, og eg vart straks fanga av tekstane. Melodiane kom relativt lett, eg trengte ikkje presse dei fram, det var som om teksten leda an og viste vegen- og slik meiner eg det skal vere! Eg vonar difor at tekst og melodi samarbeider og skapar ein organisk heilskap saman. Kan ein seie det slik utan å verte svulstig?
Tematikken spenner frå kjærleik (sjølvsagt), von, sorg, kvardag, humor og mykje meir. Tekstane er lett tilgjengelege og har eit enkelt språk men uttrykker mykje meir på same tid. Fosse er jo kjend for å vilje uttrykke det «uutseielege». Løyndommen og kunsten ligg jo oftast i det uforklarlege og fantastiske, dette som me kan ane eller så vidt klarer famne i ein stakka stund. Slik tenkjer eg og med musikken også; den har same syfte. Om eg har lykkast å fange nokre slike augeblink og samstundes tilført tekstane ein ekstra dimensjon, så skal eg være særs nøgd.