Lørdag 06. september 2025 kl. 18:00
Søndag
6
Oktober
2024
Kl. 16:00, Botnane grendahus
Kafe og bronsealder

Søndag 6. oktober, kl. 16.00, er det kafé i Botnane grendahus. Der får vi besøkt av professor Nils Anfinset, frå Universitetet i Bergen. Han har nyleg gjeve ut ei bok om bronsealderen og vi har bedt han kome for - om mogeleg - å gje oss eit inntrykk av korleis det var her då.
Hannele Turunen og Marion Van Eck Ederveen har teke på seg å stå for maten på kafeen.
Nils Anfinset kontakta Botnane og Årebrot grendalag i fjor, med spørsmål om han kunne bruke bilete frå sida om gravrøysene på www.Botnane.no Det fekk han løyve til, med lovnad om å kome og fortelje om bronsealderen på ein søndagskafe. Dei fire store gravrøysene i Botnane er frå den tidsepoken, og det var på grunn av dei at det i 2021 vart skilta ei Kulturminneløype om dei vel 40 gravrøysene Botnane-Årebrot.
Anfinset er professor i arkeologi ved Universitetet i Bergen og arbeider i avdelinga for kulturhistorie ved Universitetsmuseet. Håpar mange har interesse av å lære meir om bakgrunnen for gravrøysene våre, og at historieinteresserte frå omlandet vårt også tek turen til Botnane denne søndagen. For gravrøyser finst det mange av elles også i området vårt. Kjekt om folk kan dele dette, slik at vi når ut til fleire.
Del på:
Flere kalenderoppføringer
Søndag 07. september 2025 kl. 12:00
Kom deg ut i haust
Søndag 07. september 2025 kl. 15:00
Møte ved Marit Stokken Berland og Jarle Berland og familien Kårstad
Tirsdag 09. september 2025 kl. 11:00
DIGI-hjelp i folkebiblioteket
Tirsdag 09. september 2025 kl. 11:00 - 13:00