PRESSEMELDING To av våre dyktige formidlarar kjem på turne i sunnfjordområdet. Dette vert nokre flotte kveldar med god taktfot og sterke forteljingar med Jeff Pedersen og Jacob Wyrtz.
Wayfaring stranger- konsertversjon med Jeff Pedersen og Jacob Wyrtz.
Gjennom teater, poesi og Bluegrass -musikk, fortel Wayfaring Stranger om kva det kostar å forlate heimstaden sin. Smerta ved å ta farvel med dei næraste og kjære, og følelsen, som innvandrar, å vere ein utanforståande, men og verdien å lytte til fremmande stemmer.
Dette er ei svært personleg historie om smerte og tap ,men den handlar og om korleis desse følelsane i sterk grad kan endre seg og verke motiverande.
Stykket fokuserer på korleis vi definerer våre følelsar for omgrepet «heim» og kva det betyr å forlate heimen sin. Det å forlate – «ofre» – heimstaden sin, er ein investering innvandrarar gjer for sitt nye land. Dette blir i stor grad oversett i samfunnet og er sjeldan forstått av dei som ikkje sjølv har opplevd det.
Konsertversjonen vert framført av Jeff Pedersen -song, skodespel og Jakob Wyrtz- gitar, banjo, div.