-
Bremanger Frivilligsentral samarbeider med frivillige lag og organisasjonar i Bremanger kommune
I foreningsportal for Bremanger kommune finn ein kontaktinformasjon til alle lag og organisasjonar.
Vi gjentek suksessen med Generasjonsleikane i 2025
Generasjonsleikane 2025 vert torsdag 5. juni på skuleplassen ved Davik oppvekst frå kl. 17:00 - 19:00 Velkommen!
Kvifor skal vi arrangere Generasjonsleikane?
Morosamt og meiningsfullt! Konseptet er enkelt: generasjonar møtes i fysisk aktivitet, har det kjekt ilag mens dei deltek i ulike idrettar og aktivitetar.
Alle kan delta! Folk i alle aldrar kan delta, uansett kva form dei er i. Dette handlar om samarbeid, leik og moro, ikkje innbitt konkurranse – og her kan de sjølv bestemme kva aktivitetar de vil delta på.
På tvers av generasjonar. Arrangementet handler om solidaritet mellom generasjonane. Her vil deltakarane sjå at menneske i alle aldre kan bidra med verdifulle innspel, og lære av kvarandre.
Sunn og aktiv livsstil. Det er viktig å være aktiv uansett alder. Fysisk aktivitet er nøkkelen til livskvalitet – både mentalt og fysisk. Dette omfattar og det sosiale samspelet: deltakelse i lokalsamfunnet, være inkludert, ha anledning til å bidra og føle meistring og samkjensle.
Det krevst knapt ressursar. Her er det snakk om gjennomføring på lavt eller utan budsjett. Korleis? Tenk samskaping, bytehandel med ulike partnere og smart bruk av materiale. Ein idé kan være å invitere treningssentre og personlege trenarar til å stå for oppvarming, og kanskje låne ut noen ro-apparater eller syklar?
Av samfunnet, for samfunnet. Å planlegge arrangementet saman er halve moroa. Det viktigaste er å ha eit engasjert og entusiastisk team!