KULTURMINNEDAGEN 2021 I SVELGEN
10.september kl. 12.00-17.00
Prosjektet «SMELT» tek for seg kulturminne frå industriutviklinga i Svelgen, og blir tema for Kulturminnedagen i år.
På Kulturminnedagen ynskjer vi å gje ein smakebete på prosjektet som inneheld eit barnemusikkteater og ei kulturløype.
Musikkteateret «SMELT, spelet vårt om Svelgen» tek utgangspunkt i boka til Kåre Kjelkenes og Eli Tideman, og handlar om oppvekst i industribygda på 1930-talet. Dette er eit samarbeid mellom Revylaget, Svelgen oppvekst, Bremanger kulturskule og kultureininga. Manus, musikk og regi er av Tor Karseth. Han har lang erfaring med tilsvarande produksjonar i Hedmark, og også med «Bella, Solla og Per» i Smørhamn. Stykket vil ha premiere fredag 22. oktober på Svelgen samfunnshus.
Kulturløypa blir ein tur gjennom 150 år med historie. Frå Øyratunet, Rise- og Sande-gardane, fram til utsikta frå Kyrkjeberget i dag.
Prosjektet er også ei markering av 100-års jubileet for oppstart av kraftutviklinga i bygda.
Program fredag 10. september
Stad: Øyratunet (Risehuset, det eldste huset i Svelgen)
Kl. 12.00- 17.00 Samtale og innspel til historia om Svelgen. Kulturløypa blir vist slik den er i dag. Her ynskjer vi dialog om historia så kom og delta!
Fleire historiekjennerar frå Svelgarar sit benka for å delta i praten.
Kl. 12.30 «SMELT»- koret frå Svelgen oppvekst gjev oss smakebetar frå forestillinga
Kl. 15.30 Norvall Klungreseter: «Årgangsviser»
Det vil bli sal av kaffi og kringle frå Bakarhuset.
VELKOMMEN!